
Alkoholfritt
Agas Hage
Engelske cistercienser-munkar kom til vestlandet og Hardanger for kring tusen år sidan. Med seg hadde dei kunnskap om fruktdyrking, og dei skjøna raskt at Hardanger var ein veleigna stad for å dyrka eple. Sidan 1300-talet har bønder dyrka epler i Hardanger, og på 1700-talet byrja ein å presse eple til saft. Desse lange tradisjonane og den breie kunnskapen har Aga sideri nytt godt av i produksjonen av eplemosten Agas hage.
Eple
Eplesort: Aroma
Volum: 330 ml – 750 ml
Sødme: Medium
Eple er pressa av Aroma, som er ein av hovudsortane i Noreg. Agas hage smaker best kald, og er eit godt alkoholfritt alternativ til Aga sider.
Eple og Bringebær
Eplesort: Aroma
Volum: 330 ml – 750 ml
Sødme: Medium
Bringebæra veks side om side med epla i bakkane i Hardanger. I mosten kjem dei raude bæra med ein naturleg søt og frisk smak.Pressa frå Aroma.
HUMLESUS
Eplesort: Rubinstep, Bramley og Summered
Volum: 300 – 750 ml
Sødme: Medium
Pressa av Rubinstep, Bramley og Summered, tilsett humle. Ein frisk eplemost med rund og behageleg aroma.
Eple og Ingefær
Eplesort: Elstar
Volum: 330 ml
Sødme: Medium
Ingefærrota har blitt dyrka i tusenvis av år, og brukt både som krydder og medisin. Her gjev rota dei pressa epla ein skarp, søt og krydra smak. Pressa frå Elstar.
Eple og Humle
Eplesort: Elstar
Volum: 330 ml
Sødme: Medium
Ein eplesymfoni med humlepreg venter i denne eplemosten, der fruktig sødme og subtil bitterheit smeltar saman og skaper ein smakfull oppleving for dine sansar. Pressa frå Elstar.